Vilja de høyra kvedet mitt, og vilja de ordi tru?
Om han Olav Tryggvason skal songen her seg snu.
Dansen glyme i halli så danse me då i ring!
Glade rida Noregs menn til Hildar ting
Skipet det bygdest i Noregs land utav dei beste emnom.
Sytti alner og fire til var kjølen imellom stemnom
Dansen glyme i halli så danse me då i ring!
Glade rida Noregs menn til Hildar ting
Kongen uti høgsætet sit, talar til sine drenger:
“No skal me sigla den salte sjo, det heve eg tenkt sÃ¥ lenge!”
Dansen glyme i halli så danse me då i ring!
Glade rida Noregs menn til Hildar ting
Modig mælte dei sveinane dÃ¥: “Herre, me skal deg fylgja,
anten du fer i strid eller fred. Me ottast ‘kje svarte bylgja!”
Dansen glyme i halli så danse me då i ring!
Glade rida Noregs menn til Hildar ting
Ganga de så til strandi ned, spræke karar og rauste,
lunnane brosto og jarni skolv då skipet dei dro or nauste.
Dansen glyme i halli så danse me då i ring!
Glade rida Noregs menn til Hildar ting
Vundo dei opp sine silkesegl, vinden å taka i fanget.
Og sÃ¥ er det sagt at kongen sjølv han styrte “Ormen den lange”
Dansen glyme i halli så danse me då i ring!
Glade rida Noregs menn til Hildar ting
Færøyisk dansevise
Per Sivle
This entry was posted on torsdag, mai 21st, 2009 at 21:17 og er lagret under Sangtekster. Du kan legge igjen en kommentar, eller trackback fra din egen side.




